lørdag 11. september 2010

Luther-utgaver:

Eg har nett fått tak i fleire og andre utgaver av Luthers skrifter. Og dei er interessante på fleire måtar.

Joh. Georg Walch
gav ut Luthers skrifter i 25 store bind (dvs. 23 bind der to av dei var dobbelbind). Den første utgåva kom frå 1739 - då var inndelinga ein annan. Ny, revidert utgåve kom så i 1880-90-åra. Walch har omsett skriftene til tysk. Luther underviste og skreiv mykje av det på latin. Men denne siste utgåva kom ut i St. Louis i Amerika på "Lutherischer Concordia-Verlag". Det tyder truleg at det var mange tyske lutheranarar in Amerika på den tida. Men dei finst både i USA og Europa i Antikvariat. Eg har berre seks av desse binda.

Chr. G. Eberle
gav ut skrifter av Luther på ein annan måte - frå midten av 1800-talet i Tyskland. Han samla t.d. talar og kommentarar av Luther frå ulike bøker der tekstane er frå evangelia. Her er og hans "fortaler" til dei ulike skriftene. Dinest tok han for seg alle breva, Apostelgjerningane og Openberring og fann stader der han hadde kommentert tekstar frå breva. Slik fekk dei t.d. ein kommentar over Romarbrevet, den vart utvida i 1878.

Luther sin samla kommentar over Romarbrevet kom ikkje før i 1908 då han vart trykt. Før det hadde die berre Eberle sin.

Det same gjorde Eberle med Efeserbrevet og dei andre. Nokre har heile kommentarar, andre er det berre litt som er kommentert. Han samla også alle talar og kommentarar over salmane og dei andre poetiske bøkene i Bibelen.

1 kommentar: